23488_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23488
Svak reduksjon i skatteinnbetalingane
statistikk
2009-10-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak reduksjon i skatteinnbetalingane

Frå januar til september 2009 blei det innbetalt 554,5 milliardar kroner i skatt. Dette er 0,4 prosent eller 2 milliardar kroner mindre enn i same periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-september frå 2007 til 2008 og frå 2008 til 2009

Reduksjonen kjem av nedgang i skatt til Kontinentalsokkelen på 15,6 prosent eller 23 milliardar kroner fra 2008 til 2009. Utanom Kontinentalsokkelen auka skatteinngangen derimot med 5,1 prosent eller 21 milliardar kroner - til 430, 6 milliardar kroner.

Skatteinnbetalingane til primærkommunane utgjorde 89,2 milliardar kroner. Dette var 9,4 prosent eller 7,7 milliardar meir enn i same periode i fjor. Fylkeskommunane fekk ein auke i skatteinntektene på 4,7 prosent eller i underkant av 800 millionar kroner - til totalt 17,5 milliardar kroner.

Arbeidsgjevaravgift var på 101,1 milliardar kroner og medlemspremie til folketrygda var på 70,1 milliardar. Det var ein auke på 5,9 milliardar i båe tilfella, noko som tilsvarte høvesvis 6,2 og 9,2 prosent.

Tabeller: