23492_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23492
Svak auke i skatteinngangen
statistikk
2009-08-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i skatteinngangen

Totale skatteinntekter utgjorde 451,6 milliardar kroner i perioden januar-juli 2009. Dette er ein svak auke på 16,8 milliardar eller 3,9 prosent i høve til same perioden i 2008.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli frå 2007 til 2008 og frå 2008 til 2009

Skatteinntektene til primærkommunane auka med 5,3 milliardar eller 8,2 prosent til 69,7 milliardar. Fylkeskommunane hadde ein total skatteinngang på 13,7 milliardar. Samanlikna med same perioden i 2008 er dette ein vekst på 500 millionar eller 3,9 prosent.

Arbeidsgjevaravgift til folketrygda utgjorde 83 milliardar, ein vekst på 5,4 milliardar eller 6,9 prosent. Medlemsavgifta voks med 4,4 milliardar eller 8,7 prosent samanlikna med i fjor, og utgjorde totalt 54,5 milliardar.

Tabeller: