23496_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23496
4,9 prosent vekst utanom oljeskattane
statistikk
2009-06-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4,9 prosent vekst utanom oljeskattane

I perioden januar til mai 2009 utgjorde totale skatteinnbetalingar 357,2 milliardar kroner. Dette er 3,4 prosent, eller 12,6 milliardar, lågare enn i den same perioden i 2008.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai frå 2007 til 2008 og frå 2008 til 2009

Reduksjonen kjem av lågare innbetalingar av oljeskattar i denne perioden som følgje av nytt system for innbetalingar av terminskatt. Om ein ser bort frå oljeskattane, utgjorde skatteinnbetalingane 286 milliardar, ein auke på 4,9 prosent, eller 13,3 milliardar.

56 milliardar til kommunane

Ordinær skatt til kommunane auka med 8 prosent, til 56,1 milliardar. Samla skatteinnbetalingar til fylkeskommunane utgjorde 11 milliardar, ein auke på 4 prosent frå den same perioden i 2008.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda utgjorde høvesvis 60,5 og 43,7 milliardar kroner, som tilsvarer ein auke på høvesvis 6,3 og 9 prosent frå året før.

Endringar i innbetalingane av oljeskatt

Systemet for innbetaling av oljeskattar blei lagt om frå sommaren 2008, frå to årlege terminar (1. april og 1. oktober) til seks årlege terminar (1. august, 1. oktober, og 1. desember i inntektsåret og 1. februar, 1. april og 1. juni i det neste året).

Dette medførde at oljeskattane i dei første tre månadane av 2009 auka kraftig samanlikna med den same perioden året før, men at ein per mai 2009 har ei lågare innbetaling av oljeskattar enn i 2008.

Tabeller: