23498_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23498
Auka skatteinngang utanom oljeskattar
statistikk
2009-05-22T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka skatteinngang utanom oljeskattar

Frå januar til april 2009 blei det til saman innbetalt litt over 271 milliardar kroner i skatt. I høve til same periode i 2008 er dette ein reduksjon på 4,4 prosent. Reduksjonen kjem av lågare innbetalingar av oljeskattar som følgje av nytt system for innbetalingar av terminskatt.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april 2007-2008 og 2008-2009

Samla skatteinngang utanom oljeskattar utgjorde snautt 200 milliardar. Dette var ein auke på drygt 13 milliardar, eller 7 prosent, samanlikna med same periode i 2008.

Skatteinnbetalingane til primærkommunane auka med drygt 3 milliardar, eller 9,9 prosent, til nær 36 milliardar. Fylkeskommunane hadde ein samla skatteinngang på 7,1 milliardar. Dette er ein vekst på 454 millionar, eller 6,8 prosent.

Arbeidsgjevaravgift til folketrygda utgjorde om lag 42 milliardar, medan medlemsavgifta utgjorde i underkant av 28 milliardar. Samanlikna med 2008 er dette ein auke på høvesvis 7 og 12,7 prosent.

For meir informasjon om det nye systemet for innbetaling av oljeskatt sjå tekstboksen.

Endringar i innbetalingane av oljeskatt

Systemet for innbetaling av oljeskattar blei lagt om frå sommaren 2008, frå to årlege terminar (1. april og 1. oktober) til seks årlege terminar (1. august, 1. oktober og 1. desember i inntektsåret og 1. februar, 1. april og 1. juni i det neste året).

Dette medførde at oljeskattane i dei første tre månadane av 2009 auka kraftig samanlikna med same periode i 2008, men at ein per april 2009 har ei lågare innbetaling av oljeskattar enn i 2008.

Tabeller: