23500_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23500
Vekst i skatteinnbetalingane
statistikk
2009-04-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i skatteinnbetalingane

I perioden januar-mars 2009 blei det til saman innbetalt 202,9 milliardar i skatt. Dette er ein auke på 45,1 milliardar eller 28,6 prosent frå same periode i 2008. Storparten av veksten kjem av den store innbetalinga av oljeskattar i februar.

Endringar i innbetalingane av oljeskatt

Systemet for innbetaling av oljeskatter ble lagt om fra sommaren 2008 frå to årlege terminar (1. april og 1. oktober) til seks årlege terminar (1. august, 1. oktober, og 1. desember i inntektsåret og 1. februar, 1. april og 1. juni i det påfølgande året). Dette medførar at oljeskattene i dei første månadane av 2009 aukar kraftig.

Sjølv om auken i byrjinga av 2009 skuldast det nye systemet for innbetaling av terminskatt, vil terminskattene i første halvår 2009 vere høgare en nokon gong. Sjå Skatteetaten på "http://www.skatteetaten.no/Templates/Pressemelding.aspx?id=74833&epslanguage=NO" .

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mars 2007-2008 og 2008-2009

Samla skatteinngang utanom oljeskattar utgjorde 167,7 milliardar, ein auke på 9,9 milliardar eller 6,3 prosent samanlikna med same periode i 2008.

Skatteinnbetalingane til primærkommunane auka med 1,9 milliardar - eller 6,1 prosent - til 32 milliardar. Fylka hadde ein samla skatteinngang på 6,5 milliardar. Dette er ein vekst på 382 millionar eller 6,2 prosent.

Arbeidsgjevaravgift til folketrygda utgjorde 41,1 milliardar og medlemsavgift utgjorde 25,5 milliardar. Samanlikna med 2008 er dette ein auke på høvesvis 7,3 og 9,4 prosent.

Tabeller: