23510_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23510
Auke i skatteinnbetalinga
statistikk
2008-11-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinnbetalinga

I perioden januar til oktober 2008 vart det til saman innbetalt 608 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 10,2 prosent eller 56 milliardar frå same periode i 2007.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 2006 til 2007 og frå 2007 til 2008

Skatteinnbetalinga frå Kontinentalsokkelen aukar med 7,3 milliardar kroner samanlikna med same periode i 2007, og summerer seg til 198,4 milliardar kroner.

Innbetalte skattar til primærkommunane utgjorde 82,5 milliardar, ein auke på 7,4 prosent. Fylka hadde ein skatteauke på 7,5 prosent til 16,9 milliardar.

Til folketrygda vart 160,7 milliardar kroner betalte inn, ein auke på 15 milliardar, eller 10,3 prosent, samanlikna med same periode i 2007. Arbeidsgjevaravgifta utgjorde 95,8 milliardar, medan medlemsavgifta til folketrygda utgjorde 64,9 milliardar. Auken var på høvesvis 10,9 prosent og 9,6 prosent.

Artikkelen er oppdatert 24.11.2008 med oppdateringer av oljeskatt og 12.01.2009 med oppdateringer av tal for arbeidsgjevaravgift og medlemsavgift. Det er berre tala for oljeskatt, arbeidsgjevaravgift og medlemsavgift som er retta.

Frå august rapporterer alle kommunar skatteinngangen på det nye rapporteringssystemet SOFIE (Skatt, Oppfølging, Forvaltning, Innfordring og Ettersyn). For meir informasjon om SOFIE, sjå NOU 2007:12 Offentlig innkreving . Omlegginga til nytt rapporteringssystem er årsaka til at SSB til denne publiseringa ikkje har fått laga tabellen som gjev tal for ordning og art.

Nytt er at statistikken no også inkluderer skatteinngangen for Svalbard. SSB kan her berre gje totaltal, det vil seie at tala ikkje er spesifiserte på dei ulike skattetypane. For meir om lønsskattlegginga på Svalbard, sjå Skattedirektoratet, SKD-melding nr. 9/08 .

SSB har også valt å rapportera fire nye skattevariablar; toppskatt, fellesskatt, særskatt på oljeinntekter og ordinær skatt på oljeinntekter. Desse tala kan finnast i Statistikkbanken. I tabellane 1 og 2 er dei, som tidlegare, samla under posten ”Rest”.

På grunn av dei nemnde endringane har SSB starta ein ny tidsserie for Skatterekneskapsstatistikken i Statistikkbanken f.o.m. august 2008. Dei tidlegare tala kan finnast i høvesvis tabellane 03728 og 05284.

Tabeller: