23512_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23512
Auke i skatteinnbetalinga
statistikk
2008-10-24T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinnbetalinga

Frå januar til og med september 2008 er det innbetalt 557 milliardar kroner i skatt. Den totale auken er 96 milliardar eller 20,8 prosent samanlikna med same periode i 2007.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-august frå 2006 til 2007 og frå 2007 til 2008

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar - september frå 2006 til 2007 og frå 2007 til 2008

Artikkelen er endra 24.11.2008 med oppdateringer av oljeskatt. Det er berre tala for oljeskatten som er retta.

Auka i innbetalte skattar på 20,8 prosent må sjåast i samanheng med innbetalingar av oljeskatt i august i år. Oljeskattar innbetalt i august 2008 summerte seg til 48,2 milliardar kroner. I 2007 vart det berre innbetalt oljeskatt i april og oktober. Dette fører til ein stor auke i innbetalingane samanlikna med same periode i 2007.

Den totale auken inkluderar også 174,1 millioner i skatt til Svalbard. Svalbard har ikkje vore inkludert i skatterekneskapsstatistikken før 2008.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 98,2 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 5,6 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Av dette beløpet har 81,5 milliardar gått til primærkommunane og 16,7 milliardar til fylka, ein auke på høvesvis 5,7 og 5,2 prosent.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer til saman 159,3 milliardar kroner til og med september 2008. Dette er ein vekst på 14,8 milliardar kroner, eller 10,2 prosent, samanlikna med 2007.

Publiseringa av tala for perioden januar til august vart utsett til oktober på grunn av Skattedirektoratets omlegging til nytt rapporteringssystem (SOFIE). Omlegginga er også årsaka til at SSB ikkje har fått laga ein tabell som gjer skattar etter ordning og art til denne publiseringa.

Frå august rapporterer alle kommunar skatteinngangen på det nye rapporteringssystemet SOFIE (Skatt, Oppfølging, Forvaltning, Innfordring og Ettersyn). For meir informasjon om SOFIE, sjå NOU 2007:12 Offentlig innkreving .

Nytt er at statistikken no også inkluderer skatteinngangen for Svalbard. SSB kan her berre gje totaltal, det vil seie at tala ikkje er spesifiserte på dei ulike skattetypane. For meir om lønsskattlegginga på Svalbard, sjå Skattedirektoratet, SKD-melding nr. 9/08 .

SSB har også valt å rapportera fire nye skattevariablar; toppskatt, fellesskatt, særskatt på oljeinntekter og ordinær skatt på oljeinntekter. Desse tala kan finnast i Statistikkbanken. I tabellane er dei, som tidlegare, samla under posten ”Rest”.

På grunn av dei nemnde endringane har SSB starta ein ny tidsserie for Skatterekneskapsstatistikken i Statistikkbanken f.o.m. august 2008. Dei tidlegare tala kan finnast i høvesvis tabellane 03728 og 05284.

Tabeller: