23514_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23514
11 prosent skatteauke hittil i år
statistikk
2008-08-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

11 prosent skatteauke hittil i år

I perioden januar-juli 2008 ble det innbetalt til saman 434,7 milliardar kroner i skatt. Dette er 43,5 milliardar, eller 11,1 prosent, meir enn i same periode i 2007.

Skatteinngang fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli frå 2006 til 2007 og frå 2007 til 2008

Til kommuneforvaltninga blei det innbetalt 77,6 milliardar kroner. Samanlikna med same periode i fjor er dette ein auke på 5 milliardar kroner, eller 7 prosent. Av dette beløpet gjekk 64,4 milliardar til primærkommunane, medan skatteinngangen til fylka utgjorde 13,2 milliardar kroner, ein auke på høvesvis 7,1 og 6,6 prosent samanlikna med same periode i 2007.

Skatteinngangen til folketrygda auka totalt med 11 prosent frå i fjor, og utgjorde 127,8 milliardar kroner. Innbetalingar i form av arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka med høvesvis 10,9 og 11,2 prosent frå same periode i fjor.

Tabeller: