23516_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23516
Auke i skatteinngangen første halvår
statistikk
2008-07-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinngangen første halvår

I dei første seks månadene av 2008 blei det til saman innbetalt 374 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 37,7 milliardar, eller 11,2 prosent, frå første halvår i 2007.

Skatteinngang fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2006 til 2007 og frå 2007 til 2008

Til kommuneforvaltninga totalt vart det innbetalt 63,7 milliardar, ein auke på 7,7 prosent i høve til same periode i fjor. Skatteinntektene til fylka auka med 7,2 prosent til 10,8 milliardar, og innbetalinga til primærkommunane auka med 7,8 prosent til 52,9 milliardar kroner.

Folketrygda hadde ei samla skatteinnbetaling på 98 milliardar, ein auke på 11,4 prosent frå same periode i fjor. Av dette beløpet vart det betalt inn 57,1 milliardar i arbeidsgjevaravgift og 40,8 milliardar i medlemspremie. Dette er høvesvis 11,1 prosent og 11,7 prosent meir enn i same periode i 2007.

Skatteinntektene frå petroleumssektoren utgjorde 96,2 milliardar, ein auke på 1 prosent frå same periode i fjor.

Tabeller: