23530_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23530
Auke i skatteinntektene
statistikk
2007-12-21T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapnovember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinntektene

Frå januar til november 2007 vart det innbetalt 648 milliardar kroner i skatt, ein auke på 4,1 prosent samanlikna med den same perioden i 2006. Mye av auken har si årsak i større innbetalingar til statsforvaltninga.

Skatteinngang fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-november, 2005-2006 og 2006-2007

Samla sett har innbetalingane til statsforvaltninga auka med 35,7 milliardar, og det er i hovudsak auke i innbetalt fellesskatt til staten som er årsaka til dette. Auka innbetalt fellesskatt til staten kommer til uttrykk både i forskotsordninga og etterskotsordninga.

Innbetalingane til folketrygda i perioden januar til november 2007 summerte seg til 176,3 milliardar kroner. Dette er ein auke på 8,3 prosent, eller 13,5 milliardar kroner, samanlikna med den same perioden i 2006.

Innbetalte skattar til Fastlands-Noreg utanom oljeskattar auka med 12,2 prosent frå januar til november 2006 samanlikna med den same perioden i 2007. Nedgang i oljeskattane bidrar til at auken i innbetalingane totalt sett ikkje blir høgare enn 4,1 prosent.

Tabeller: