23532_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23532
Svak nedgang i skatteinntektene
statistikk
2007-11-21T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i skatteinntektene

Frå januar til oktober 2007 vart det innbetalt 552 milliardar kroner i skatt, ein svak nedgang på 1,1 prosent samanlikna med same periode i 2006. Nedgangen kjem framfor alt av lågare oljeskattar så langt i 2007, samt rekneskapstekniske forhold.

Skatteinngang fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 2005 til 2006 og frå 2006 til 2007

Oljeskattane summerer seg til 188,9 milliardar kroner frå januar til oktober 2007. Dette er 24,4 milliardar lågare enn same periode i 2006, og tilsvarer ein nedgang på 11,4 prosent. Nedgangen må sjåast i samanheng med den store veksten i innbetalingane frå januar til oktober 2006.

Nedgang for etterskotspliktige

Innbetalingane frå etterskotspliktige, sett bort ifrå oljeskattane, viser også ein nedgang samanlikna med same periode 2006. Kommuneforvaltninga viser ein minimal auke på innbetalte skattar. Både nedgang i innbetalingane frå etterskotspliktige og den låge veksten for kommuneforvaltninga skyldes i størst grad rekneskapstekniske forhold som er beskrive i boksen nedst i artikkelen.

Innbetalingane av folketrygd og arbeidsgivaravgift aukar med 7,7 prosent samanlikna med same periode i 2006, og til saman vart det innbetalt 145,7 milliardar kroner. Dette fordeler seg på 59,3 milliardar til folketrygda og 86,4 milliardar kroner til arbeidsgivaravgift.

Nedgang i skatteinntektene frå etterskotspliktige, samt den svake veksten for kommuneforvaltninga, er knytte til likninga og skatteavrekninga for inntektsåret 2006. I 2006 blei restskattane i stor grad innbetalt allereie i oktober, mens innbetalingane av restskattane i 2007 vil bidra til økte skatteinntekter først i november månad. I tillegg er det i oktober føretatt utbetalingar av tilgodebeløp til skattytarar og oppgjør av marginavsetningar. Begge deler bidrar til å redusere dei totale innbetalingane.

Tidlegare år har det for mange kommunar blitt innarbeida korrigerte fordelingstal mellom skattekreditorane i november. For 2007 blei dette gjort i oktober. Dette slår negativt ut for mange kommunar på grunn av lågare skatt på alminneleg inntekt enn lagt til grunn i dei førebelse fordelingstala. Dette gjeld særleg for mottekne aksjeutbytte, som for 2006 har blitt lågare enn forventa.

Tabeller: