23534_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23534
Skatteinntektene opp med 10,9 prosent
statistikk
2007-10-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene opp med 10,9 prosent

I perioden januar til september 2007 vart det til saman innbetalt 461 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke i skatteinntektene på 45 milliardar, eller 10,9 prosent, samanlikna med same periode i 2006.

Skatteinngang fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-september frå 2005 til 2006 og frå 2006 til 2007

Totalt for forvaltninga, sett bort ifrå oljeskattane og innbetalingane til folketrygda, vart det innbetalt 221,3 milliardar kroner i perioden januar til september 2007. Av totalbeløpet på 221,3 milliardar kroner, gjekk 128,3 milliardar til statsforvaltninga og 93,0 milliardar til kommuneforvaltninga. I kommuneforvaltninga vart 77,1 milliardar kroner innbetalte til primærkommunane, medan 15,9 milliardar vart innbetalte til fylka.

Dei samla innbetalingane til folketrygda frå januar til september 2007 vart 144,5 milliardar kroner, ein auke på 8,1 prosent samanlikna med same periode i 2006. Til samanlikning vart det innbetalt 133,6 milliardar kroner til folketrygda frå januar til september 2006.

Ein grunn til den store auken i innbetalt skatt er endring av regelverket. Innbetalingstidspunkt av skatt for etterskotspliktige skattytarar (utanom petroleumsverksemda) er no lagt til to like terminar med forfall 15. februar og 15. april, medan betalinga tidlegare vart lagt til tre terminar. Samanlikning frå same tidspunkt i fjor vert derfor misvisande fordi større delar av etterskotsskatten no vert betalte tidlegare på året.

Tabeller: