23538_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23538
Skatteinntektene opp med 11 prosent
statistikk
2007-08-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene opp med 11 prosent

I perioden januar-juli 2007 ble det innbetalt til saman 391 milliardar kroner i skatt. Dette er 39 milliardar, eller 11 prosent, høgare enn i den same perioden i 2006.

Skatteinngang fordelt på fylke, prosentvis endring januar-juli frå 2005 til 2006 og frå 2006 til 2007

Til kommuneforvaltninga totalt vart det innbetalt 72,5 milliardar kroner, ein auke på 4 prosent frå den same perioden i 2006. Av dette beløpet gjekk 60,1 milliardar til primærkommunane, medan skatteinngangen til fylka utgjorde 12,3 milliardar kroner.

Innbetalte skattar til statsforvaltninga, unnateke folketrygda, utgjer 203,6 milliardar kroner. Dette er 28 milliardar, eller 15,9 prosent, høgare enn i den same perioden i fjor. Sett bort ifrå oljeskattane utgjer skatteinnbetalingane til statsforvaltninga, unnateke folketrygda, 108,8 milliardar. Samanlikna med den same perioden i 2006 er dette 24 milliardar kroner, eller 28,4 prosent, høgare.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie i folketrygda auka med 7,5 prosent, samanlikna med same periode i 2006, og utgjer 115,1 milliardar kroner.

Ein grunn til den store auka i innbetalt skatt er endring av regelverket. Innbetalingstidspunkt av skatt for etterskotspliktige skattytarar (utanom petroleumsverksemda) er no lagt til to like terminar med forfall 15. februar og 15.april, medan betalinga tidlegare vart lagt til tre terminar. Samanlikning frå same tidspunkt i fjor vert derfor misvisande fordi større delar av etterskotsskatten nå vert betalt tidlegare på året.

Tabeller: