23540_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23540
Auke i skatteinngangen første halvår
statistikk
2007-07-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinngangen første halvår

I dei seks første månadene av 2007 vart det til saman innbetalt 336 milliardar kroner i skatt. Dette er 34 milliardar, eller 11,4 prosent, meir enn i same periode i 2006.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2005 til 2006 og frå 2006 til 2007

Til kommuneforvaltninga totalt vart det betalt inn 59,1 milliardar. Dette er ein auke på 4,3 prosent i forhold til same periode i fjor. Av dette beløpet vart det betalt inn 49,1 milliardar kroner til primærkommunane, ein auke på 4,5 prosent, medan fylka fekk ein skatteauke på 3,4 prosent, til 10,1 milliardar. Folketrygda hadde ei samla skatteinnbetaling på 87,9 milliardar, 7,1 prosent meir enn i same periode i fjor.

Skatteinntektene frå petroleumssektoren utgjorde 95,3 milliardar. Desse vart i hovudsak innbetalte i april.

Ein grunn til den store auken i innbetalt skatt er endring av regelverket. Innbetalingstidspunktet av skatt for etterskotspliktige skattytarar (utanom petroleumsverksemda) er no lagt til to like terminar med forfall 15. februar og 15.april, medan betalinga tidlegare vart lagt til tre terminar. Samanlikning frå same tidspunkt i fjor vert difor misvisande fordi større delar av etterskotsskatten no vert betalt tidlegare på året.

Tabeller: