23557_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23557
Auka innbetaling av petroleumsskatt
statistikk
2006-11-23T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka innbetaling av petroleumsskatt

Frå januar til oktober 2006 vart det til saman betalt inn 558 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 73 milliardar kroner, eller 15 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som medverkar til auken i den totale skatteinngangen.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 2004 til 2005 og frå 2005 til 2006

Innbetalte skattar frå petroleumsutvinning utgjer hittil i år 213,3 milliardar kroner. Dette er ein auke på 28,8 prosent frå same periode i fjor, då det blei betalt inn 165,5 milliardar kroner. Innbetalinga av oljeskattar har to hovudterminar i året - i april og i oktober.

Sett bort ifrå oljeskattane har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 7,9 prosent.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda auka med 7,4 prosent frå i fjor. Innbetalinga til folketrygda totalt utgjer dermed 135,2 milliardar kroner til og med oktober 2006. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 91,7 milliardar kroner i skatt. Dette er 8,3 milliardar kroner, eller 10,0 prosent, meir enn i same periode i fjor.

Tabeller: