23559_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23559
12,5 prosent skatteauke hittil i år
statistikk
2006-10-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

12,5 prosent skatteauke hittil i år

I perioden januar til september 2006 vart det til saman innbetalt 415 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 46 milliardar, eller 12,5 prosent, frå same periode i 2005.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka totalt med 7,2 prosent frå i fjor, og utgjer 134 milliardar kroner. Til kommuneforvaltninga totalt vart det innbetalt 89 milliardar kroner. Dette utgjer ein auke på 9,5 prosent.

Ein stor del av auken i samla skatteinngang svarar seg i frå store innbetalingar av oljeskattar i april.

Tabeller: