23561_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23561
13,4 prosent skatteauke hittil i år
statistikk
2006-09-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapaugust 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

13,4 prosent skatteauke hittil i år

I perioden januar-august vart det til saman innbetalt 354,5 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på nesten 42 milliardar, eller 13,4 prosent, frå same periode i 2005.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-august frå 2004 til 2005 og frå 2005 til 2006.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka totalt med 7,2 prosent frå august i fjor, og utgjer no 107,8 milliardar kroner. Til statsforvaltninga og kommuneforvaltninga vart det innbetalt høvesvis 83,2 og 70,4 milliardar kroner. For statsforvaltninga utgjer dette ein auke på 9,3 prosent frå 2005, medan kommuneforvaltninga hadde ein auke på 9,6 prosent.

Den store auken i samla skatteinngang svarar seg i hovudsak frå store innbetalingar av oljeskattar som vart betalt inn i april.

Tabeller: