23567_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23567
Skatteinntektene auka med 14,7 prosent
statistikk
2006-06-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 14,7 prosent

I perioden januar-mai 2006 vart det til saman innbetalt 300,6 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 38,6 milliardar kroner, eller 14,7 prosent, frå same periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai frå 2004 til 2005 og frå 2005 til 2006

Av totalbeløpet vart det innbetalt 71,5 milliardar kroner til statsforvaltninga. Dette er ein auke på 6,5 milliardar kroner, eller 10,0 prosent, frå same periode i fjor. Til kommuneforvaltninga totalt vart det innbetalt 56,3 milliardar kroner, ein auke på 10,0 prosent. Av dette beløpet gjekk 46,6 milliardar til primærkommunane, medan skatteinngangen til fylka utgjorde 9,7 milliardar kroner. Dette tilsvarer ein auke på høvesvis 9,6 og 11,7 prosent samanlikna med same periode i 2005. Folketrygda hadde ein samla skatteinngang på 81,6 milliardar kroner, ein auke på 7,7 prosent frå sama periode i fjor.

Ein stor del av auken i samla skatteinngang kjem frå store innbetalingar av oljeskattar i april.

Tabeller: