23569
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23569
Stor auke i oljeskattane
statistikk
2006-05-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i oljeskattane

I perioden januar-april 2006 blei det til saman innbetalt 235 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 34 milliardar, eller 17,1 prosent, frå same periode i 2005. Stor auke i oljeskattane medverkar sterkt til auken i den totale skatteinngangen.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2004 til 2005 og frå 2005 til 2006

Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen lyder hittil i år på 91,0 milliardar kroner. Dette er ein auke på 21,3 milliardar, eller 30,6 prosent, frå same periode i fjor. Den store auken i oljeskattane kjem i hovudsak av auka oljeprisar, som i sin tur gjev auka skatteinntekter. Innbetalinga av oljeskattar har to hovudterminar for året - oktober i inntektsåret og april det påføljande året.

Dersom vi ser bort frå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 9,9 prosent.

Til statsforvaltninga vart det innbetalt 54,3 milliardar kroner, ein auke på 12,8 prosent frå same periode i 2005. For kommuneforvaltninga samla auka innbetalt skatt med 9,7 prosent til 35,9 milliardar kroner. Til folketrygda totalt er det hittil i år innbetalt 54,0 milliardar kroner. Dette er 3,6 milliardar, eller 7,2 prosent, høgare enn i same periode i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB