23571_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23571
Skatteinntektene auka med 7,4 prosent
statistikk
2006-04-21T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 7,4 prosent

Frå januar til og med mars 2006 blei det til saman innbetalt 123,6 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 8,5 milliardar kroner, eller 7,4 prosent, frå same periode i 2005.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mars frå 2004 til 2005 og frå 2005 til 2006

Av totalbeløpet vart det innbetalt 38,4 milliardar kroner til statsforvaltninga, ein auke på 7,6 prosent. Til kommuneforvaltninga totalt blei det betalt inn 32,3 milliardar. Dette er ein auke på 6,8 prosent i forhold til same periode i fjor. Av dette beløpet vart det betalt inn 26,8 milliardar kroner til primærkommunane, ein auke på 6,1 prosent, mens fylka fekk ein skatteauke på 10,5 prosent, til 5,6 milliardar. Folketrygda hadde ein samla skatteinngang på 51,9 milliardar, ein auke på 6,0 prosent frå same periode i fjor.

Fylkesfordelte tal syner at dei fleste fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i 2005. Størst auke hadde Rogaland, der skatteinnbetalingane auka med 11,0 prosent. Østfold hadde, som einaste fylke, ein nedgang i skatteinngangen på 0,5 prosent.

Tabeller: