23577
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23577
Skattevekst på 16,6 prosent i 2005
statistikk
2006-01-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skattevekst på 16,6 prosent i 2005

I 2005 blei det til saman betalt inn 551 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 78 milliardar kroner, eller 16,6 prosent, samanlikna med 2004. Det er særleg oljeskattane som medverkar til auken i den totale skatteinngangen.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember frå 2003 til 2004 og frå 2004 til 2005

Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen lyder på 165,2 milliardar kroner for 2005. Dette er ein auke på 46,7 prosent frå 2004, då det blei betalt inn 112,6 milliardar kroner.

Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 7,2 prosent.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka sett under eitt med 5,4 prosent frå 2004. Innbetalinga til folketrygda totalt utgjorde 153,7 milliardar kroner i 2005.

For kommuneforvaltninga samla blei det innbetalt 102,9 milliardar kroner i skatt. Dette er 5,8 prosent, eller 5,7 milliardar kroner, høgare enn i 2004. Formue og inntektsskatt til primærkommunane hadde ein auke på 3,7 milliardar, eller 4,5 prosent, frå 2004 til 2005.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB