23579_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23579
Skatteinntektene auka med 17 prosent
statistikk
2005-12-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapnovember 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 17 prosent

Frå januar til og med november 2005 er det til saman betalt inn 546 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 79 milliardar kroner, eller 17 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som medverkar til auken i den totale skatteinngangen.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-november frå 2003 til 2004 og frå 2004 til 2005

Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen lyder hittil i år på 165,4 milliardar kroner. Dette er ein auke på 48,3 prosent frå same periode i fjor, då det blei betalt inn 111,5 milliardar kroner. Innbetalinga av oljeskattar har to hovudterminar i året - i april og i oktober.

Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 7,1 prosent.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 100,8 milliardar kroner i skatt. Dette er 5,4 prosent, eller 5,2 milliardar kroner, høgare enn i same periode i fjor. Formue og inntektsskatt til primærkommunane hadde ein auke på 3,3 milliardar, eller 4,1 prosent frå 2004 til 2005, medan fylkesskatten auka med 1,9 milliardar, ein auke på 12,3 prosent. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka med 5,2 prosent frå i fjor. Innbetalinga til folketrygda totalt utgjer dermed 151,9 milliardar kroner til og med november 2005.

Tabeller: