23581
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23581
Stor auke i oljeskattane
statistikk
2005-11-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i oljeskattane

Frå januar til og med oktober 2005 er det til saman betalt inn 485 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 78 milliardar kroner, eller 19,1 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som medverkar til auken i den totale skatteinngangen.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-oktober. 2003, 2004 og 2005. Millionar kroner

Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen lyder hittil i år på 165,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 48,5 prosent frå same periode i fjor, då det blei betalt inn 111,5 milliardar kroner. Den store auken i oljeskattane kjem i hovudsak av auka oljeprisar, som i sin tur gjev auka skatteinntekter. Innbetalinga av oljeskattar har to hovudterminar i året - i april og i oktober.

Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 8,1 prosent.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka med 5,8 prosent frå i fjor. Innbetalinga til folketrygda totalt utgjer dermed 125,9 milliardar kroner til og med oktober 2005. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 83,4 milliardar kroner i skatt. Dette er 5,4 prosent, eller 4,3 milliardar kroner, høgare enn i same periode i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB