23587_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23587
11,5 prosent skatteauke hittil i år
statistikk
2005-08-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

11,5 prosent skatteauke hittil i år

I perioden januar-juli 2005 vart det til saman innbetalt nær 311 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 32 milliardar, eller 11,5 prosent, frå same periode i 2004.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli frå 2003 til 2004 og frå 2004 til 2005

Auken kjem i hovudsak frå store innbetalingar av oljeskattar tidlegare i år. Innbetalte oljeskattar for første halvår 2005 utgjer 69,9 milliardar kroner og er ved utgangen av juli 39,9 prosent meir enn i same periode i 2004. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka totalt med 5,7 prosent frå i fjor, og utgjer 99,8 milliardar kroner. Til statsforvaltninga og kommuneforvaltninga vart det innbetalt høvesvis 75,5 og 63,5 milliardar kroner. For statsforvaltninga utgjer dette ein auke på 4,6 prosent, medan kommuneforvaltninga hadde ein auke på 4,8 prosent.

Tabeller: