23589_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23589
Stor skatteauke i første halvår
statistikk
2005-07-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor skatteauke i første halvår

I perioden januar-juni i 2005 vart det til saman innbetalt 263,2 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 29,2 milliardar, eller 12,5 prosent, frå same periode i 2004.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2003 til 2004 og frå 2004 til 2005

Auken svarar seg i hovudsak frå store innbetalingar av oljeskattar tidlegare i år. Innbetalte oljeskattar for første halvår 2005 utgjer 69,9 milliardar kroner og er 39,7 prosent meir enn i første halvår 2004. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka totalt med 5,4 prosent frå i fjor, og utgjer 76,3 milliardar kroner. Til statsforvaltninga og kommuneforvaltninga vart det innbetalt høvesvis 65,2 og 51,6 milliardar kroner. For statsforvaltninga utgjer dette ein auke på 5,3 prosent, medan kommuneforvaltninga hadde ein auke på 4,6 prosent.

Tabeller: