23593_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23593
Stor auke i oljeskattane
statistikk
2005-05-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i oljeskattane

I perioden januar-april i 2005 vart det til saman innbetalt 201,0 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 25,9 milliardar, eller 14,8 prosent, frå same periode i 2004. Det er særleg oljeskattane som medverkar til auken i den totale skatteinngangen.

Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen lyder hittil i år på 69,7 milliardar kroner. Dette er ein auke på 38,7 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 50,2 milliardar. Den store auken i oljeskattane kjem i hovudsak av auka oljeprisar, som i sin tur gjev auka skatteinntekter. Innbetalinga av oljeskattar har to hovudterminar for året - i april og i oktober.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2003 til 2004 og frå 2004 til 2005

Dersom vi ser bort frå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 5,2 prosent.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka med 5,0 prosent frå i fjor. Innbetalinga til folketrygda totalt utgjer dermed 50,4 milliardar kroner til og med april. Til statsforvaltninga og kommuneforvaltninga totalt vart det innbetalt høvesvis 48,1 og 32,8 milliardar kroner. For statsforvaltninga utgjer dette ein auke på 6,7 prosent, medan kommuneforvaltninga hadde ein auke på 3,7 prosent.

Tabeller: