23673_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23673
Høge skatteinnbetalingar i 2001
statistikk
2002-01-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høge skatteinnbetalingar i 2001

I 2001 blei det innbetalt og fordelt 442 milliardar skattekroner gjennom fellesinnkrevjinga. Dette er ein auke på nesten 84 milliardar, eller 23,4 prosent, frå 2000. Den store auken kjem i hovudsak av dei høge inntektene frå oljeskattane, men også Fastlands-Noreg hadde auke i skatteinngangen i fjor.

Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje var i 2001 på om lag 107 milliardar kroner. Dette er ein auke på 51 milliardar samanlikna med 2000. Høg oljepris og sterk dollarkurs i delar av fjoråret er faktorar som slår ut på dei innbetalte skattane frå kontinentalsokkelen.

Fastlands-Noreg

Skatteauken for Fastlands-Noreg blei på 10,8 prosent samanlikna med same periode i 2000. Utanom olje er det totalt innbetalt 335 milliardar kroner i 2001, mot 302 milliardar i 2000. Det er særleg fellesskatt til staten og skatt under etterskotsordninga som har auka, noko som kan ha sin bakgrunn i god lønsemd i næringslivet.

Kommuneforvaltninga: 15,7 prosent auke

For kommuneforvaltninga samla blei det innbetalt 104,4 milliardar kroner i skatt i 2001. Til samanlikning blei det innbetalt om lag 90,2 milliardar i 2000, noko som gjev ein auke på 15,7 prosent. Opptrappinga av skattedelen på kostnad av rammetilskotet til kommunane bidreg til auka skatteinnbetalingar til kommuneforvaltninga. Inntekts- og formuesskatt til kommunane auka med 16,4 prosent, medan fylkesskattane var 14,4 prosent høgare enn i 2000.

 Skatteinngangen januar-desember 2000 og 2001, etter skatteordning

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember frå 1999 til 2000 og frå 2000 til 2001

Auke i fylkesvise skattetal

Fylkesfordelte tal syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i 2000. Størst auke hadde Østfold, der skatteinnbetalingane auka med 14,9 prosent. Deretter følgjer Oslo med 13,9 prosent og Hordaland og Troms som begge har hatt ein auke på 12,4 prosent. Møre og Romsdal er fylket med lågast skatteauke, sjølv om skatteinngangen auka med 6,9 prosent. Akershus og Møre og Romsdal er dei einaste fylka som har hatt ein lågare vekst i 2001 enn i 2000.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunar per 1. januar finst i på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: