23677_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23677
Framleis skatteauke i Noreg
statistikk
2001-11-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis skatteauke i Noreg

Skatteinngangen frå Nordsjøen har vakse kraftig, men også Fastlands-Noreg har hatt ein auke. Frå januar til og med oktober 2001 er det innbetalt 362 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 75 milliardar, eller 26,3 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Det er særleg oljeskattane som medverkar til den store auken i den totale skatteinngangen. Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen er nesten dobla sidan same periode i fjor. Hittil i år er samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje i overkant av 99 milliardar kroner, mot om lag 52 milliardar i fjor. Dei store innbetalingane i oktober kjem av terminforfall for innbetaling for 1. termin 2001. Høg oljepris og sterk dollarkurs tidlegare i år er faktorar som har stor innverknad på innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen.

 Skatteinngang januar-oktober 2000 og 2001, etter skatteordning. Millionar kroner

Ser ein bort ifrå oljeskattane, er skatteauken for Fastlands-Noreg på 11,9 prosent. Utanom olje er den totale skatteinngangen hittil i år på 262 milliardar kroner, mot 235 milliardar same periode i fjor. Årsaka til veksten kan ein mellom anna tilskrive auke i innbetaling av etterskotsskatt og ein generell høg lønns- og sysselsetjingsvekst.

Kommuneforvaltninga

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 84 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 16,4 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor, då innbetalte skattar til kommunesektoren var på om lag 72 milliardar kroner. Auken i inntektsskattane er som følgje av at skattedelen blir opptrappa på kostnad av rammetilskotet til kommunane. Det vil seie auka skattøyre til kommunane mot ein tilsvarande reduksjon i fellesskatten.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosent endring januar-oktober frå 1999 til 2000 og frå 2000 til 2001

Auke i alle fylka

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Østfold har hatt den største auken. Skatteinntektene der har auka med 15,5 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Deretter kjem Oslo og Hordaland med 15,2 og 14,2 prosent auke. Finnmark er det fylket med lågast skatteauke, sjølv om skatteinngangen der har auka med 7,9 prosent samanlikna med i fjor.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunar per 1. januar finst i pdf-format her.

Tabeller: