23689
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23689
Kraftig auke i skatteinntektene
statistikk
2001-05-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kraftig auke i skatteinntektene

Frå januar til og med april 2001 er det til saman betalt inn nærare 157 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 48 milliardar, eller 44 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som bidreg til den store auken.

Store skatteinntekter frå Nordsjøen

Oljeskattane er meir enn tredobla sidan same periode i fjor. Den høge oljeprisen og den høge dollarkursen slår kraftig ut i innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen. Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje er så langt i år på 46,8 milliardar kroner. For same periode i fjor var det innbetalt om lag 13,6 milliardar kroner. Ser ein bort frå oljeskattane, er skatteauken for Fastlands-Noreg på 15,1 prosent. Utanom olje er det totalt innbetalt om lag 110 milliardar kroner i år, mot om lag 96 milliardar i fjor.

16 prosent meir i kommuneforvaltninga

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 32 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 16 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 1999 til 2000 og frå 2000 til 2001

 Skatteinngang januar-april 2000 og 2001, etter skatteordning. Millionar kroner

Størst auke i Oslo

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke har vi hatt i Oslo, der skatteinngangen har hatt ein auke på 20,7 prosent. Deretter følgjer Vestfold med ein auke på 17,4 prosent og Østfold med ein auke på 17 prosent. Nord-Trøndelag er det fylket med lågast skatteauke på 4,7 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar finst i pdf-format på lenka http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB