23697_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23697
Høge skatteinnbetalingar i 2000
statistikk
2001-01-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høge skatteinnbetalingar i 2000

I 2000 blei 353 milliardar skattekroner innbetalt og fordelt gjennom fellesinnkrevinga. Dette er ein auke på om lag 19 prosent frå 1999.

Den store auken kjem i hovudsak av dei høge inntektene frå oljeskattane. Oljeskattane blei meir enn firedobla frå 1999 til 2000. Men også fastlands-Noreg hadde ein auke i skatteinngangen i fjor.

Auke i fylkesvise skattetal

Fylkesfordelte tal syner at alle fylka med unntak av eitt har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i 1999. Størst auke hadde Oslo, der skatteinngangen auka med om lag 12 prosent. Deretter følgjer Akershus med 9,5 prosent auke i skatteinngangen. Alle fylke rundt Oslofjorden kan vise til kraftigare skatteauke i 2000 enn i 1999. Fleire fylke har hatt ein lågare vekst i 2000 enn i 1999, men Nord-Trøndelag er det einaste fylket med ein nedgang i skatteinngangen. Nedgangen her var på 6 prosent.

Frå og med april 1999 har Skattedirektoratet fordelt skattane for Oslo på kommune og fylkeskommune. På grunn av akkumulering av tala i statistikken vil det heilt fram til og med mars månad være brot i tidsserien for kommunane og fylkeskommunane.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring frå 1998 til 1999 og frå 1999 til 2000. Store fylkesvise variasjonar

Store skatteinntekter frå Nordsjøen

Oljeskattane er meir enn firedobla sidan same periode året før. Den høge oljeprisen og den høge dollarkursen slår kraftig ut i innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen i 2000. Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje blei på om lag 50,5 milliardar kroner. For same periode i 1999 var det innbetalt om lag 12 milliardar kroner.

Fastlands-Noreg

Skatteauken for fastlands-Noreg blei på om lag 6,5 prosent. Dette er om lag same auke som i 1999. Utanom olje er det totalt innbetalt om lag 300 milliardar kroner i 2000, mot om lag 285 milliardar i 1999. Fellesskatt til staten auka kraftig frå 1999 til 2000. Det er særleg fellesskatt til staten innbetalt etter etterskotsordninga som auka, noko som kan forklarast med god lønnsemd i næringslivet.

 Skatteinngang 1999 og 2000 etter skatteordning. Auken i oljeskattane gjer store utslag i total skatteinngang

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar 2000 finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/ .

Tabeller: