23699_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23699
Meir skatt til kommunane
statistikk
2000-12-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapnovember 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir skatt til kommunane

Skatteinngangen for kommunar og fylkeskommunar har auka med om lag 4,4 prosent samanlikna med same periode i fjor. Dette er ein kraftigare auke enn tidlegare i haust, og kjem av store innbetalingar i november.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 89 milliardar kroner i skatt. Totalt er det innbetalt 347 milliardar kroner i skatt i Noreg frå januar til og med november 2000. Dette er ein auke på 19 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Auke i fylkesvise skattetal

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka med unntak av eitt har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke har vi hatt i Oslo, der skatteinngangen har hatt ein auke på om lag 13 prosent. Deretter følgjer Akershus med om lag 10 prosent auke i skatteinngangen. Nord-Trøndelag er det einaste fylket med ein nedgang i skatteinngangen på vel 6 prosent.

Frå og med april 1999 har Skattedirektoratet fordelt skattane for Oslo på kommune og fylkeskommune. På grunn av akkumulering av tala i statistikken vil det heilt fram til og med desember månad være brot i tidsserien for kommunane og fylkeskommunane.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-november frå 1998 til 1999 og frå 1999 til 2000

Store skatteinntekter frå Nordsjøen

Frå januar til og med november 2000 er det innbetalt 347 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 19 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som bidreg til den store auken. Oljeskattane er meir enn firedobla sidan same periode i fjor. Den høge oljeprisen og den høge dollarkursen dette året slår kraftig ut i innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen. Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje er så langt i år på om lag 47 milliardar kroner. For same periode i fjor var det innbetalt om lag 11 milliardar kroner. Ser vi bort frå oljeskattane er skatteauken for Fastlands-Noreg på om lag 7 prosent. Dette er om lag same auke som for same periode i fjor. Utanom olje er det totalt innbetalt om lag 300 milliardar kroner i år, mot om lag 281 milliardar i fjor.

 Skatteinngang januar-november 1999 og 2000, etter skatteordning

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar 2000 finst i pdf-format på lenka http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf .

Tabeller: