23701_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23701
Kraftig auke i skatteinngangen
statistikk
2000-11-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kraftig auke i skatteinngangen

Frå januar til og med oktober 2000 er det innbetalt i overkant av 280 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 19,9 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som medverker til den store auken.

Store skatteinntekter frå Nordsjøen

Oljeskattane er meir enn firedobla sidan same periode i fjor. Den høge oljeprisen og den høge dollarkursen slår kraftig ut i innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen. Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje er så langt i år på om lag 47 milliardar kroner. For same periode i fjor var det innbetalt om lag 11 milliardar kroner. Dei store innbetalingane i oktober kjem av terminforfall for innbetaling for 1. termin 2000. Ser ein bort frå oljeskattane er skatteauken for Fastlands-Noreg på om lag 5 prosent. Dette er om lag same auke som for same periode i fjor. Utanom olje er det totalt innbetalt om lag 235 milliardar kroner i år, mot om lag 224 milliardar i fjor.

 Skatteinngang januar-oktober 1999 og 2000, etter skatteordning. Millionar kroner

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 72 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 3,8 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Frå og med april 1999 har Skattedirektoratet fordelt skattane for Oslo på kommune og fylkeskommune. På grunn av akkumulering av tala i statistikken vil det heilt fram til og med desember månad være brot i tidsserien for kommunane og fylkeskommunane.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 1998 til 1999 og frå 1999 til 2000

Auke i fylkesvise skattetal

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka med unntak av eitt har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke har vi hatt i Oslo, der skatteinngangen har hatt ein auke på om lag 10 prosent. Deretter følgjer Akershus med vel 7 prosent auke i skatteinngangen. Nord-Trøndelag er det einaste fylket med ein nedgang i skatteinngangen på 3 prosent. Auken for Fastlands-Noreg holder seg om lag på same nivå som året før.

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar 2000 finst i pdf-format på lenka http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf .

Tabeller: