23703
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23703
Framleis stor auke i skatteinntektene
statistikk
2000-10-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis stor auke i skatteinntektene

Frå januar til og med september 2000 er det innbetalt i overkant av 240 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 7,5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som bidrar til den store auken.

172 prosent meir oljeskatt

Kraftig auke i oljeskattane bidrar til auken i total skatteinngang. Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje er så langt i år på om lag 8,2 milliardar kroner. For same periode i fjor var det innbetalt om lag 3 milliardar kroner. Dette er ein auke på 172 prosent. Ser ein bort frå oljeskattane er skatteauken for Fastlands-Noreg på 5,2 prosent. Utanom olje er det totalt innbetalt om lag 232 milliardar kroner i år, mot om lag 221 milliardar i fjor.

 Skatteinngang januar-september 1999 og 2000, etter skatteordning. Millionar kroner

3,8 prosent meir til kommuneforvaltninga

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 71 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 3,8 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Frå og med april 1999 har Skattedirektoratet fordelt skattane for Oslo på kommune og fylkeskommune. På grunn av akkumulering av tala i statistikken vil det heilt fram til og med desember månad vere brot i tidsserien for kommunane og fylkeskommunane.

Auke i fylkesvise skattetal

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-september frå 1998 til 1999 og frå 1999 til 2000

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka med unntak av eitt har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke har vi hatt i Oslo, der skatteinngangen har hatt ein auke på om lag 10 prosent. Deretter følgjer Akershus og Vestfold med 7,4 og 6,2 prosent auke. Nord-Trøndelag er det einaste fylket med ein nedgang i skatteinngangen på vel 2 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar 2000 finst i pdf-format på lenka http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB