23705_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23705
Skatteinnbetalingane auka med 7,8 prosent
statistikk
2000-09-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapaugust 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinnbetalingane auka med 7,8 prosent

Frå januar til og med august 2000 er det innbetalt i overkant av 195 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 7,8 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Kraftig auke i oljeskattane bidrar til auken i total skatteinngang. Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje er så langt i år på om lag 7,9 milliardar kroner. For same periode i fjor var det innbetalt om lag 3 milliardar kroner. Dette er ein auke på 161 prosent. Ser ein bort frå oljeskattane er skatteauken for Fastlands-Noreg på 5,2 prosent. Utanom olje er det totalt innbetalt om lag 187 milliardar kroner i år, mot om lag 178 milliardar i fjor.

 Skatteinngang januar-august 1999 og 2000, etter skatteordning

Kommuneforvaltninga

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 55,9 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 3,8 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Frå og med april 1999 har Skattedirektoratet fordelt skattane for Oslo på kommune og fylkeskommune. På grunn av akkumulering av tala i statistikken, vil det heilt fram til og med desember månad være brot i tidsserien for kommunane og fylkeskommunane.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Endring i prosent januar-august frå 1998 til 1999 og frå 1999 til 2000

Fylkesvise skattetal

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka, med unntak av eitt, har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke har vi hatt i Oslo, der skatteinngangen har auka med om lag 10 prosent. Deretter følgjer Akershus og Vestfold med 7,5 og 6,2 prosent auke. Nord-Trøndelag er det einaste fylket med ein nedgang i skatteinngangen på vel 3 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar 1999 finst i pdf-format på lenka http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/9907/ab9907.pdf

Tabeller: