23707
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23707
7,5 prosent skatteauke hittil i år
statistikk
2000-08-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

7,5 prosent skatteauke hittil i år

Frå januar til og med juli 2000 er det innbetalt nærmare 193 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 7,5 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Fastlands-Noreg

Ser ein bort frå oljeskattane er skatteauken for Fastlands-Noreg på 4,8 prosent. Utanom olje er det totalt innbetalt 185 milliardar kroner i år, mot 177 milliardar i fjor. Kraftig auke i oljeskattane bidrar til den kraftige auken i total skatteinngang.

 Skatteinngang januar-juli 1999 og 2000, etter skatteordning

Kommuneforvaltninga

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 55,2 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 3,5 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Frå og med april 1999 har Skattedirektoratet fordelt skattane for Oslo på kommune og fylkeskommune. På grunn av akkumulering av tala i statistikken vil det heilt fram til og med desember månad være brot i tidsserien for kommunane og fylkeskommunane.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli frå 1998 til 1999 og frå 1999 til 2000

Fylkesvise skattetal

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka med unntak av eitt har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke har vi hatt i Oslo, kor skatteinngangen har hatt ein auke på nærmare 10 prosent. Deretter følgjer Akershus, Vestfold, Møre og Romsdal og Buskerud i same rekkefølgje med 6,9, 6,0, 5,3 og 5,1 prosent auke. Nord-Trøndelag er det einaste fylket med ein nedgang i skatteinngangen på vel 3 prosent. Fylka Oppland, Telemark, Aust-Agder, Sogn og Fjordane og Troms har alle ein auke på under 2 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar 1999 finst i pdf-format på lenka http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/9907/ab9907.pdf .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB