23711_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23711
9 prosent skattevekst
statistikk
2000-06-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

9 prosent skattevekst

Frå januar til og med mai 2000 er det innbetalt 156 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 8,6 prosent samanlikna med same periode i fjor.

 Skatteinngang januar-mai 1999 og 2000, etter skatteordning. Millionar kroner

Kommuneforvaltninga

Frå og med april 1999 har Skattedirektoratet fordelt skattane for Oslo på kommune og fylkeskommune. På grunn av akkumulering av tala vil det heilt fram til og med desember månad vere brot i tidsserien når det gjeld Oslo kommune. Samla har kommuneforvaltninga ein auke i skatteinntektene på 4,2 prosent eller 1,8 milliardar kroner.

Fylkesvise skattetal

Dei fylkesvise skattetala syner at Oslo har ein skattevekst på over 10 prosent, deretter kjem Akershus, Vestfold og Møre og Romsdal i same rekkjefølge med 7,8, 6,7 og 6,1 prosent auke. Nord-Trøndelag har ein nedgang i skatteinntektene på nærare 1 prosent, mens Hordaland, Oppland og Troms har under 1 prosent auke i skatteinntektene.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai frå 1998 til 1999 og frå 1999 til 2000

Den sterke auken i oljeskattane, samanlikna med fjoråret, forklarar den sterke auken i skatteinngangen totalt sett. Ser ein bort ifrå oljeskattane er skatteauken for Fastlands-Noreg på 5,1 prosent. For mai månad er ikkje oljeskattane med i summane.

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar 1999 finst i tabell 44 på vår webside: http://www.ssb.no/folkemengde/ .

Tabeller: