23715_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23715
4 prosent meir skatt hittil i år
statistikk
2000-04-14T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 prosent meir skatt hittil i år

For januar til og med mars 2000 er det til saman betalt inn 88,3 milliardar kroner i skatt. Dette er ei auke på 4 prosent frå same periode i fjor.

Frå og med april 1999 har Skattedirektoratet fordelt skattane for Oslo på kommune og fylkeskommune. Kommuneforvaltninga har samla ei auke i skatteinngangen på 4,8 prosent samanlikna med same periode i fjor.

For mars månad er ikkje oljeskattane med i summane.

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane.

Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar 2000 finst i tabell 44 på vår webside: http:/www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: