Sterk nedgang i innbetalt skatt

Publisert:

I 2020 blei det betalt inn 858,4 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 85,6 milliardar, eller 9,1 prosent, mindre enn i 2019. Nedgangen har sterk samanheng med koronapandemien og tiltaka mot den.

Personlege skatteytarar står for den største delen av skatteinnbetalingane. Dei betalte inn 726 milliardar kroner i fjor. Dette er ei auke på 0,8 prosent frå 2019, viser nye tall fra statistikken Skatterekneskap. Ordninga omfattar blant anna arbeidsgjevaravgifta, der innbetalingane har gått ned med 4,1 prosent. I forbindelse med pandemien blei denne avgifta sett ned med 4 prosentenheter i mai og juni 2020.

Sterk nedgang i petroleumsskatt

Det blei betalt inn 28,4 milliardar i skatt på utvinning av petroleum i 2020. Tiltak i forbindelse med pandemien har ført til at innbetalingane blei sterkt redusert dette året. I 2020 blei det betalt inn 105,1 milliardar kroner mindre enn i 2019. Tiltaka var innretta mot å oppretthalde aktiviteten på sokkelen på sikt. Den endelege effekten av pandemien og tiltaka på desse innbetalingane vil derfor ikkje vere mogleg å vurdere ut frå desse tala.

Nedgang i skatt til kommunane

Kommuneforvaltninga har motteke 203,2 milliardar kroner i skatt i 2020. Dette er ei nedgang på ein prosent frå 2019. Normalt vil desse tala auke frå år til år. Skattesatsane for ordinær skatt til kommune og fylkeskommune er ikkje sett ned i samband med pandemitiltaka, men andelen av skatt på alminneleg inntekt som går til kommunen blei redusert i statsbudsjettet for 2020. Nedgangen må likevel sjåast i samanheng med reduserte inntekter som følgje av permitteringar og lågare aktivitet i økonomien generelt.

Auke i innbetalingar frå selskap

Innbetalingar av skatt til staten frå upersonlege skatteytarar utanom oljeskattane auka i 2020. Dette er hovudsakleg skatt som betalast på etterskot, slik at auken i innbetalingar i 2020 må sjåast i samanheng med utviklinga i selskapas overskot frå 2018 til 2019.

Kontakt