Sterk auke i samla skatteinnbetalingar

Publisert:

I januar og februar vart det innbetalt drygt 137 milliardar kroner i skatt. Dette svarar til ein auke på nærare 9 prosent samanlikna med dei to første månadene i fjor.

Sterk auke i samla innbetalingar

Skatterekneskapen viser så langt ein auke på nesten 11 milliardar kroner samanlikna med i fjor. Nesten 60 prosent av denne auka utgjerast av skatt på utvinning av petroleum. Sidan 2016 har desse innbetalingane gradvis teke seg opp, og utgjer ved utgangen av februar over ein tidel av dei samla innbetalingane.

Figur 1. Samla skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar

Prosent
Des. 2008 31.7
Jun. 2009 25.6
Des. 2009 23.8
Jun. 2010 17.9
Des. 2010 22.1
Jun. 2011 21.4
Des. 2011 25.8
Jun. 2012 24.4
Des. 2012 26.9
Jun. 2013 25.1
Des. 2013 23.5
Jun. 2014 20.6
Des. 2014 20.3
Jun. 2015 15.8
Des. 2015 13.0
Jun. 2016 8.2
Des. 2016 5.4
Feb. 2017 6.6
April 2017 6.5
Jun. 2017 6.1
Aug. 2017 7.4
Okt. 2017 8.6
Des. 2017 8.0
Feb. 2018 10.8

Av dei 137 milliardane som er innbetalte, kjem 46 milliardar frå upersonlege skattytarane medrekna oljeselskapa. Dei personlege skattytarane har betalt inn om lag det dobbelte. Stats- og kommuneforvaltninga har så langt motteke høvesvis 51 og 25 milliardar kroner, noko som svarar til en auke på 4 milliardar sidan i fjor.

Figur 2. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - februar akkumulert. Prosentvis endring

2017-2018 2016-2017
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 4.1 3.0
Finnmark Finnmárku 3.8 5.4
Troms Romsa 6.5 7.7
Nordland 7.8 5.5
Trøndelag 2.1 2.7
Møre og Romsdal 2.9 1.8
Sogn og Fjordane 10.4 -0.2
Hordaland 6.9 2.6
Rogaland -0.7 -6.5
Vest-Agder -7.5 -4.5
Aust-Agder 6.0 -1.1
Telemark 5.8 7.3
Vestfold 2.4 4.1
Buskerud 6.1 3.6
Oppland 4.1 3.9
Hedmark 1.8 3.9
Oslo 5.2 6.0
Akershus 4.7 6.8
Østfold 8.2 3.1

Faktaside