790 milliardar kroner i samla skatteinnbetalingar

Publisert:

Hittil i år er det betalt inn 790 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er drygt 46 milliardar meir enn det som vart betalt i den same perioden i fjor.

Ifølgje skatterekneskapen har dei akkumulerte skatteinnbetalingane per november 2017 auka med 6,2 prosent, som er så langt i år den største auken samanlikna med i fjor. Dette må likevel sjåast saman med reduksjonen i innbetalingane mellom 2015 og 2016. I november i fjor hadde dei samla innbetalingane falt med 6 prosent sidan 2015, noko som i stor grad kunne forklarast med ein kraftig reduksjon i innbetalingar av oljeskattar.

Dei personlege skattytarane står så langt i år for 654 milliardar kroner av dei samla innbetalingane. Dei upersonlege skattytarane utanom oljeselskapa har betalt inn nærare 85 milliardar. Til saman har personlege og upersonlege skattytarar utanom oljeselskapa auka innbetalingane sine med nærare 30 milliardar.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - november akkumulert. Prosentvis endring
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - november akkumulert. Prosentvis endring
2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 4.6 3.4
Finnmark Finnmárku 4.4 3.4
Troms Romsa 8.4 5.4
Nordland 5.5 4.5
Nord-Trøndelag 2.5 3.8
Sør-Trøndelag 1.3 5.2
Møre og Romsdal 2.7 -0.5
Sogn og Fjordane 5.5 2.8
Hordaland 3.0 0.7
Rogaland -3.9 0.8
Vest-Agder -3.1 1.1
Aust-Agder 4.1 3.2
Telemark 3.8 3.2
Vestfold 2.5 3.8
Buskerud 3.2 3.0
Oppland 3.0 4.0
Hedmark 3.2 4.3
Oslo 12.7 4.2
Akershus 5.1 5.8
Østfold 3.2 5.7

Innbetalingane til statsforvaltninga har auka med 13 milliardar kroner samanlikna med den same perioden i fjor. I kommuneforvaltninga har innbetalingane auka med drygt 7 milliardar. Per november 2017 utgjer dei samla innbetalingane til stat og kommune 436 milliardar kroner. Dei samla innbetalingane til folketrygda ligg på 301 milliardar.

Innbetalingane til statsforvaltinga har auka med 13 milliardar kroner samanlikna med den same perioden i fjor. I kommuneforvaltninga har innbetalingane auka med drygt 7 milliardar. Per november 2017 utgjer dei samla innbetalingane til stat og kommune 436 milliardar kroner. Dei samla innbetalingane til folketrygda ligg på 301 milliardar.

Kontakt

Faktaside