10501_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/arealsentrum/arkiv
10501
Vi bur stadig tettare i sentra
statistikk
2010-09-28T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
arealsentrum, Aktivitet i sentrumssoner, sentrumssoner, bysenter, tettstadssenter, bedrifter med sentrumsfunksjonar, busette, tilsetteAreal, Natur og miljø
false

Aktivitet i sentrumssoner1. januar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vi bur stadig tettare i sentra

Det siste året har talet på busette i sentra auka, medan talet på tilsette har gått noko ned. Voksteren i busette har vore større enn voksteren i arealet. Dermed held konsentrasjonen av dei busette fram.

Areal, tilsette og busette per kvadratkilometer sentrumssone, etter tettstadstorleik. 2010 og endring 2005-2010. Hektar, tal per km2 og prosent

Areal, tilsette og busette i sentrumssoner. 2005-2010

Folk vel i stadig aukande grad å bu urbant. Det er òg eit politisk ønskje å nytte tettstadarealet så godt som råd for å minke presset på omkringliggande areal, og samstundes leggje til rette for å minimalisere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.

Auke i busette, nedgang i tilsette

Det har vore ein aukande grad av konsentrasjon både i busettinga og i talet på arbeidsplassar i sentra i dei seinare åra. Det siste året heldt auken i busettinga fram, medan talet på tilsette gjekk noko attende. Det er likevel om lag dobbelt så mange tilsette som busette i sentra.

Det bur om lag 3 800 innbyggjarar pr km2 i sentra, og dette er ein auke på drygt 2 prosent siste året.

Dei siste 5 åra har auken vore 9 prosent for heile perioden medan tettleiken av tilsette har auka med 3 prosent.

Medan det har vorte drygt 5 prosent fleire busette i heile landet dei siste fem åra, har det vore ein auke på 24 prosent i sentra. Auken har vore større for borna i førskulealder (36 prosent), medan born og unge i skulealder auka noko mindre (18 prosent) .

Konsentrasjonen held fram

Det er fleire tilsette enn busette per km2 for alle storleiksklassar. Tettleiken av både busette og tilsette i sentrumssoner aukar med storleiken på tettstadene. I storbyane er det nær seks gonger så mange tilsette og busette pr km2 som i bygdesentra. Voksteren i sentra har vore like sterk i dei små tettstadane som i dei store byane frå 2005 til 2010. I tettstader med 20 000 til 99 999 busette har voksteren i areal vore særs liten. Tettleiken av busette har hatt svakast vekst i storbyane, og tettleiken av tilsette har gått noko ned.

Det er ikkje gitt at gruppene inneheld dei same tettstadene frå år til år. Etter kvart som tettstadene veks, kjem dei over i grupper med fleire busette. Fredrikstad/Sarpsborg har til dømes kome opp i gruppa med minst 100 000 busette i denne perioden.

Sentra av mange slag

Sentrum i denne samanhangen omfattar så vel hovudsentrum som andre sentra i byen, bl.a. bydelssentra og lokalsentra. Lokalsentra er viktige element i ein miljøvenleg bystruktur, både med tanke på lokale tilbod og for å redusere transportbehovet. Desse skal også avlaste bykjernen med ulike tenestetilbod.

Kjøpesentra som i dei siste tiåra har vekse fram i utkanten av byane, har konkurrert med det tradisjonelle bysenteret. Kjøpesentra gir ofte tilbod som bysentra har vanskeleg for å møte, mellom anna god parkering.

Eit fullgodt sentrum skal fylle eit mangfald av funksjonar. Vi har difor kravd at sentra i denne statistikken skal ha eit visst innslag av offentleg verksemd, helse- og sosiale tenester og liknande Sjå ” Om statistikken ”. Einsidige kjøpesentra utan offentleg tilbod av noko slag er av same grunn ikkje med i statistikken.

Høge busetnadskonsentrasjonar er ein indikator for effektiv utnytting av areala, og høg busetnad i sentra gir mindre energikrevjande daglege transportbehov. På andre sida kan tett busetnad vere ein indikasjon på mellom anna tronge og støyutsette butilhøve, lite grøne areal og press på dei rekreasjonsareala som finst. Det er ikkje etablert nasjonale mål for kor tett sentrumsareala skal nyttast.

Justerte avgrensingar

Sidan den førre publisering er det gjort justeringar i metoden for avgrensing av sentrumssoner.

Verksemdene som inngår i avgrensinga er no inndelt etter den nye standarden for gruppering av næringar (SN 2007). Samstundes er det sett krav om at dei einskilde verksemdene som inngår i avgrensinga må ha tilsette. Det er og sett krav om at sentrumssonene må ha minst 50 tilsette.

Tidlegare årgangar er berekna på nytt slik at tala skal vere samanliknbare, men det er overgang til ny gruppering av næringar frå og med 2009.

Om datakvaliteten

Ikkje alle bedrifter er stadfesta med koordinat, noko som fører til at det i nokre kommunar kan vere sentrumssoner etter definisjonen, sjølv om dei ikkje er avgrensa. Talet på bedrifter som er nøyaktig lokalisert kan endre seg over tid. Utviklingstrekka må difor tolkast med varsemd. Sjå eigen tabell i statistikkbanken for oversikt over stadfestingsprosent etter kommune.

Digitale grensedata for sentrumssoner per 1. januar 2010 kan lastast ned her: http://www.ssb.no/emner/01/01/20/tettstedkart/main.html