220905
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/aar
220905
Fleire lønte årsverk ved musea
statistikk
2015-05-28T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false
Statistikken viser talet på årsverk ved musea i Noreg, talet på gjenstandar i samlingane, talet på utstillingar og talet på besøk ved musea.

Museum og samlingar2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire lønte årsverk ved musea

Talet på lønte årsverk ved musea i Noreg har auka jamt frå 3 400 i 2005 til rett under 3 900 lønte årsverk i 2014. I den same perioden har det også vore ein auke i talet på gjenstandar i samlingane, talet på utstillingar og talet på besøk ved musea.

Museum og samlingar. Besøk og årsverk
20052014Endring i prosent
Besøk
Enkeltbesøk6 343 5108 277 82630,5
Gruppebesøk2 717 1292 584 140-4,9
Betalande besøkjande4 731 7335 919 98425,1
 
Årsverk
Lønte årsverk3 384,03 864,614,2
Årsverk i faste stillingar2 419,92 999,223,9
Prosentandel faste stillingar71,578

Frå 2005 til 2014 har det vore ein auke i årsverk på 16,6 prosent, når man inkluderer frivillige årsverk saman med lønte årsverk. Auka i talet på lønte årsverk i perioden 2005-2014 er på 14,2 prosent. Samstundes med auka av lønte årsverk har talet på faste årsverk auka jamt sidan 2005. Delen av faste stillingar av dei lønte årsverka har òg auka i denne perioden. I 2014 var 77,6 prosent av dei lønte årsverka faste stillingar. Dette er ei auke på 6,1 prosentpoeng sidan 2005. Sjå figur 1 om utviklinga av lønte årsverk for musea.

Auke i dei offentlige tilskotta

Musea hadde samla driftsinntekter på 4,4 milliardar kroner i 2014. Dei totale driftskostnadene for dette året var på 4,3 milliardar kroner. Musea fekk 3,1 milliardar i offentlege tilskott. I 2014 var 71,0 prosent av musea sine inntekter offentlege tilskott. Sidan 2005 har inntekter i alt for musea auka med 72,8 prosent. Dei offentlige tilskotta har i denne perioden auka med 84,6 prosent.

Større samlingar

Musea i Noreg samlar kunsthistoriske, kulturhistoriske, naturhistoriske, fotografiske og arkeologiske gjenstandar. Storleiken på samlingane var på 53 millionar gjenstandar i 2014. Samlinga er 4,8 prosent større enn førre året. År for år kan noko av endringa i størrelse ha si årsak i registrering. Difor er større tidsseriar betre eigna for å vurdere utviklinga i samlinga. Talet på fotografi er meir enn dobla i høve til i 2005. Sidan 2010 har samlinga på musea auka med over 10 millionar gjenstandar.

Fleire vandreutstillingar i 2014

I 2014 auka talet på utstillingar i alt hos dei norske musea. Talet på vandreutstillingar gjer eit hopp i 2014 og dette kan delvis vere årsaka av utstillingar i samanheng med grunnlovsjubileet. Ei grunnlovsutstilling kan vere produsert i samarbeid med fleire museum som alle kan ha vist fram same utstilling på eit tidspunkt i 2014. Tendensen for utstillingar generelt er ei auke i talet på utstillingar over tid. Totalt var det over 3 000 utstillingar i 2014 mot mindre enn 2 700 utstillingar på dei norske musea i 2005. Auka i talet på utstillingar i alt i denne perioden er på 13,8 prosent.

Nokre færre besøk totalt i 2014

Over tid er det fleire enkeltbesøk og færre gruppebesøk på dei norske musea. I alt var det færre besøk i 2014 enn året før. Frå 2005 til 2014 har besøket i alt auka med 19,9 prosent. I denne tiårs perioden har enkeltbesøka auka med 30,5 prosent medan gruppebesøka har minka med 4,9 prosent. Sjå figur 2 om besøk i norske museum. Fleire av besøka over tid på musea er frå betalande besøkjande. I 2005 var det 4,7 millionar betalande besøk, medan det i 2014 var 5,9 millionar. Denne auka i betalande besøkjande over ti år er på 25,1 prosent. I 2014 var det 10,9 millionar besøk.

I alt 118 einingar er grunnlaget for rapporteringa i 2014. Dei har alle heldt ope i året dei rapporterer om, og har hatt minst eit årsverk på museet.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB