20320_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20320
Lågare arbeidsinnsats i jordbruket
statistikk
2008-03-12T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare arbeidsinnsats i jordbruket

I alt blei det utført 110,9 millionar timar arbeidsinnsats i norsk jordbruk i perioden 1. juni 2006 til 31. mai 2007. Det er 8,8 millionar færre timeverk enn to år tidlegare.

Arbeidsinnsats i jordbruket, etter kven som utførte arbeidet. 2006/07*. Prosent

Arbeidsinnsats i jordbruket. 1989/90-2006/07*. Millionar timeverk

Arbeidsinnsatsen i norsk jordbruk gjekk ned med 8,8 millionar timeverk frå 2004/05 til 2006/07. Målt i årsverk, svarar dette til ein reduksjon frå 64 900 til 60 100 på to år. Mykje av nedgangen kan forklarast med nedgangen i talet på jordbruksbedrifter, som i perioden har gått ned med 3 200 einingar.

I alt blei det utført 110,9 millionar timar arbeidsinnsats i norsk jordbruk i perioden 1. juni 2006 til 31. mai 2007. Gjennomsnittleg blei det arbeidd 2 230 timar per jordbruksbedrift, litt lågare enn to år tidlegare. Menn stod for snautt tre fjerdedelar av arbeidet.

Auka del av arbeidet utført av fast og tilfeldig hjelp

Brukarar og ektemakar/sambuarar utførte 70 prosent av arbeidet i jordbruket. Brukarfamilien står no bak 80 prosent av arbeidskrafta på jordbruksbedriftene, medan dei i 1998/99 utgjorde 87 prosent av arbeidskrafta. Den auka delen med anna arbeidshjelp heng saman med utviklinga med auka storleik på einingane, spesielt innanfor mjølkeproduksjon og hagebruk.

Fordeling av arbeidsinnsats på jordbruksbedriftene, etter næring. 2006/07*. Prosent

Samla arbeidsinnsats

Arbeidskrafta som er knytt til jordbruksbedriftene, legg også ned arbeid i skogbruk og tilleggsnæringar: 3,5 millionar timeverk i skogbruk og 6,5 millionar timeverk i tilleggsnæringar.

Tabeller: