20328_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20328
Annakvar jordbruksbedrift driv tilleggsnæring
statistikk
2006-06-12T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Annakvar jordbruksbedrift driv tilleggsnæring

I 2005 hadde 48 prosent av dei aktive jordbruksbedriftene ei eller anna form for tilleggsnæring attåt tradisjonelt landbruk. Arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringane utgjorde 6,9 millionar timeverk i perioden 1. juni 2004-31. mai 2005.

Den mest utbreidde tilleggsnæringa er leigekøyring som vert driven av om lag 10 700 jordbruksbedrifter. Drygt 8 500 jordbruksbedrifter hadde inntekt frå leigekøyring med bedrifta sine maskinar utanfor jordbruksnæringa i 2004. Samla hadde desse ei bruttoinntekt frå leigekøyringa på om lag ein halv milliard kroner. Gjennomsnittleg var bruttoinntekta frå leigekøyring 58 000 kroner per bedrift.

Fleire av næringane som fell inn under omgrepet tilleggsnæringar krev liten eller ingen arbeidsinnsats, til dømes utleige av jakt- og fiskerett eller bortleige av bygningar og jordbruksareal. Mange jordbruksbedrifter driv innanfor desse næringane, noko som gjev eit høgt tal for bedrifter med tilleggsnæringar, men som i liten grad påverkar den totale arbeidsinnsatsen i bedriftene.

Med tilleggsnæring meiner vi i denne samanheng ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta.

Fordeling av arbeidsinnsats på jordbruksbedriftene. 2004/05. Prosent

Samla arbeidsinnsats ned med drygt 11,3 millionar timeverk

Samla arbeidsinnsats på jordbruksbedriftene var på 131 millionar timeverk i 2004/05. Av den samla arbeidsinnsatsen blei 120 millionar timeverk utførte i jord- og hagebruk, 3,9 millionar timeverk i skogbruk og 6,9 millionar timeverk i tilleggsnæringar. Frå 2002/03 til 2004/05 gjekk den samla arbeidsinnsatsen ned med 11,3 millionar timeverk. Det er reduksjonen i arbeidsinnsats innanfor jord- og hagebruk som har størst verknad på nedgangen i samla arbeidsinnsats.

Tal jordbruksbedrifter og firehjulstraktorar. 1959-2005

Fleire traktorar per jordbruksbedrift

Det var 115 000 firehjulstraktorar på jordbruksbedriftene i 2005, mot 134 000 i 1999. Årsaka til nedgangen på 14 prosent er hovudsakleg færre jordbruksbedrifter. Talet på traktorar per bedrift er framleis aukande. I gjennomsnitt var det 2,2 firehjulstraktorar per jordbruksbedrift i 2005, mot 1,9 i 1999 og 1,6 i 1989. Berre traktorar som jordbruksbedrifta eig eller leaser åleine eller saman med andre er rekna med.

Mykje maskinleige i jordbruket

Leige av maskinar har eit stort omfang i jordbruket. Heile 67 prosent eller 35 800 av jordbruksbedriftene leigde inn maskinar til ulike arbeid i 2004. Det er særleg firehjulstraktor og maskinar til heilmekanisert grashausting som vert leigde inn.

Leige av maskinar gjennom finansieringsselskap (leasing) har blitt meir vanleg. Totalt betalte jordbruksbedriftene snautt 400 millionar kroner i leasingleige i 2004, i gjennomsnitt 78 000 kroner for dei drygt 5 000 bedriftene som hadde leasingavtalar.

Retting av talet på jordbruksbedrifter som dreiv tilleggsnæring i 2003

Det har vist seg at ein i 2005 betre har klart å fange opp omfanget av tilleggsnæringar enn i 2003, særleg gjeld det tilleggsnæringar kor arbeidsinnsatsen er låg. Noko av dette kan forklarast av endra spørsmålsstilling om utleige av jakt- og fiskerett og vidare tilverking av skogsvirke for sal. Vidare har ein i 2005 hatt betre moglegheit til å kontrollera spørsmål om utleige av jordbruksareal. Vi har derfor valt og justere talet på jordbruksbedrifter som dreiv ulike tilleggsnæringar i 2003, medan timeverk utførte i tilleggsnæringar i 2002/03 er heldt uforandra.

Tabeller: