110706
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/landt/hvert-10-aar
110706
Sterk nedgang i arbeidsinnsatsen
statistikk
2010-12-15T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
landt, Landbruksteljing, jordbruksbedrifter, arbeidsinnsats, årsverk, tilleggsnæringar, jordbruksareal, fulldyrka eng, husdyrgjødsel, drenering, vanningsanlegg, personlege brukarar, veksthus, planteskolar, hagebruk, leigeforhold, investeringar.Landbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksteljing2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterk nedgang i arbeidsinnsatsen

Arbeidsinnsatsen i jordbruket er redusert med ein tredel sidan 1999. I takt med nedgangen i talet på jordbruksbedrifter, gjekk arbeidsinnsatsen ned frå 80 800 årsverk til 53 300 årsverk i denne perioden.

Det viser dei første resultata frå landbruksteljinga, som vart gjennomført i sommar. Større jordbruksbedrifter, meir rasjonell drift og auka spesialisering er nokre av årsakene til nedgangen.

Arbeidsinnsats i jordbruk, skogbruk og andre næringar basert på jordbruksbedrifta sine ressursar, etter fylke. 2009/2010. Timer

Sjølv om timeforbruket har gått ned, har produksjonen endra seg lite. Kjøtproduksjonen har dreia frå storfeproduksjon til svin og fjørfe, medan mjølkeproduksjonen har gått ned. Planteproduksjonen med korn og potet er om lag uendra.

Familiehjelp viktig, men innleige aukar

Resultata viser at innleige av arbeidskraft har auka. I 1999 vart tre av fire timar utført av brukar og ektemakar. I 2010 var dette redusert til to av tre timeverk. Familiehjelp utførte framleis 10 prosent av arbeidsinnsatsen, medan innleigd hjelp auka frå 13 til 26 prosent. Av den innleigde hjelpa stod entreprenørar og andre gardbrukarar for 1 740 årsverk i 2010.

Husdyr krev mest arbeidsinnsats

Nedgangen i arbeidsinnsats var størst i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, med 40 prosent. Minst nedgang var det i Buskerud, Vestfold og Rogaland. Mest arbeidsinnsats vart utført i Rogaland og Oppland, der husdyrproduksjon står sterkt.

Gjennomsnittleg arbeidsinnsats i jordbruket per bedrift var 2 162 timar, og det er om lag som i 1999.

Utøver andre landbruksbaserte næringar

Nesten 60 prosent av jordbruksbedriftene utøver andre næringar basert på jordbruksbedrifta sine ressursar (maskinar, bygningar, areal eller produkt/råvarer). I 1999 var det vel 40 prosent som oppgav slike næringar. Nær 11 000 jordbruksbedrifter utførte leigekøyring for andre i 2010. Det har elles vore ein sterk auke i utleige av jakt- og fiskerett. Dei kalde vintrane kan og ha gjort at mange fleire har hogge ved for sal, noko som vert rekna som ei anna landbruksbasert næring.

I alt 4 000 årsverk vart brukt på tilleggsnæringane.

Om lag 8 prosent av jordbruksarealet treng drenering

21 800 av jordbruksbedriftene har rapportert om at delar av jordbruksarealet har behov for drenering. I alt vart det gitt opp at 840 000 dekar har behov for drenering. Dette svarer til rundt 8 prosent av jordbruksareal som er i drift.

I alt 7 400 bedrifter har vatningsanlegg, og anlegga kan nyttast på vel 1 million dekar jordbruksareal. Det er om lag som i 1999.

Tabeller

Fleire resultatÅpne og lesLukk

Utviklinga i talet på jordbruksbedrifter, husdyr og bruk av jordbruksarealet er gitt i eiga melding Strukturen i jordbruket.

Dei første resultata er basert på eit utval av svara som har kome inn. Siste svarfrist gjekk ut 1. desember, og SSB er såleis svært tidleg ute med ferske tal. Fleire og meir detaljerte resultat på kommunenivå vert frigitt utover i 2011. Registerdata vil bli kopla til skjema etter kvart som dei vert tilgjengelege.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB