53973
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/landt/arkiv
53973
Høgare snittalder blant gardbrukarane
statistikk
2011-11-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
landt, Landbruksteljing, jordbruksbedrifter, arbeidsinnsats, årsverk, tilleggsnæringar, jordbruksareal, fulldyrka eng, husdyrgjødsel, drenering, vanningsanlegg, personlege brukarar, veksthus, planteskolar, hagebruk, leigeforhold, investeringar.Landbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksteljing2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgare snittalder blant gardbrukarane

I 1999 var gjennomsnittsalderen til norske gardbrukarar 48 år, medan snittalderen har auka til nesten 50 år i 2010. Prosentdelen gardbrukarar under 40 år har gått ned frå 26 prosent i 1999 til under 20 prosent i 2010.

Jordbruksbedrifter med personleg brukar etter alder til referansebrukar, etter fylke. 2010. Prosent

Jordbruksbedrifter med personleg brukar Personleg brukar si landbruksutdanning, etter storleiken på jordbruksareal i drift. 2010. Prosent

Dette syner tal frå Landbruksteljing 2010. I 1999 var kvar fjerde personlege brukar under 40 år, medan kvar femte var under 40 år i 2010. Talet på gardbrukarar i 60-åra har auka frå 14 prosent i 1999 til 19 prosent i 2010. Brukarane på dei største jordbruksbedriftene har ein noko lågare gjennomsnittsalder enn andre brukarar.

Høgare prosentdel einslege gardbrukarar

Knapt ein av fire gardbrukarar er einslege. Dette er ein litt større del enn for 11 år sidan. Flest einslege brukarar er det i Oppland, Sogn og Fjordane og Finnmark der meir enn kvar fjerde gardbrukar lever åleine. Litt interessant kan det vere å leggje merke til at dess større jordbruksbedrifta er, med tanke på areal i drift, dess større del av brukarane er gifte eller sambuande.

Færre enn halvparten er utdanna

Mindre enn halvparten av gardbrukarane har formell landbruksutdanning, og det er ein del regionale forskjellar. I Østfold, Hedmark og Nord-Trøndelag har meir enn halvparten utdanning innanfor landbruk. I Finnmark, Vest-Agder og Troms manglar mellom 66 og 70 prosent landbruksutdanning. På dei største bedriftene er ein større del av gardbrukarane utdanna. Minst prosentdel utdanna finst mellom dei eldste gardbrukarane, og dei under 40 år. Størst del utdanna finst mellom dei som er i 40-åra, der halvparten har landbruksutdanning.

Fleire resultat

I samband med Landbruksteljing 2010 er det tidlegare gitt ut meldingar om arbeidsinnsats mv. og utvikling i talet på jordbruksbedrifter og areal i drift. Desse meldingane finst ved å klikke på fanen ”Tidlegare publisert”.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB