84539_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/arkiv
84539
Færre husdyrprodusentar
statistikk
2012-04-16T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald1. januar 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre husdyrprodusentar

30 400 husdyrbrukarar søkte om produksjonstilskott per 1. januar 2012. Dette er 800 færre enn året før, noko som svarar til ein nedgang på 2,6 prosent.

Jordbruksbedrifter med husdyr. 2002-2012*

Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag per 1. januar. 2002-2012*

Størst prosentvis nedgang var det i talet på jordbruksbedrifter med mjølkekyr og med svin, dei to gruppene hadde ein nedgang på respektive 5 og 4 prosent frå 2011 til 2012. Talet på bedrifter med mjølkekyr blei redusert med 600, til 10 350, i den same perioden. Talet på bedrifter med svin var på 2 700, 100 færre enn året før.

Knapt 14 500 jordbruksbedrifter hadde vinterfôra sau i 2012, dette er om lag det same talet som året før. Det var 1 900 bedrifter som hadde verpehøns, medan 600 hadde slaktekyllingar. Talet på bedrifter med verpehøns gjekk ned med 3 prosent frå 2011 til 2012, medan talet på bedrifter med slaktekyllingar var omtrent uendra i den same perioden.

Færre dyr

Det samla talet på storfe gjekk ned med 9 900 frå 2011 til 2012. Av dessa var 3 400 mjølkekyr. Talet på ammekyr auka med 1 100 i den same perioden. Talet på mjølkegeiter, sauer, verpehøns og alssvin gjekk alle ned med rundt 1 prosent, medan talet på slaktesvin og slaktekyllingar auka med om lag 1 prosent.

Mjølkekyr og ammekyr per 1. januar. 2002-2012*

Større buskapar

Samstundes med nedgangen i talet på buskapar auka den gjennomsnittlege buskapsstorleiken. Dette blir særleg tydeleg om ein ser på utviklinga over fleire år. Eit bruk med mjølkekyr hadde i gjennomsnitt 23 mjølkekyr i 2012, medan gjennomsnittet var 15 i 2002. Dei som dreiv med sau, hadde i middel 72 vinterfôra sauer i fjøset i 2012, mot 55 ti år tidlegare. Blant svine- og eggprodusentane har utviklinga i retning større buskapar vore enda meir markert. Eit gjennomsnittleg bruk med alssvin hadde 75 alssvin i 2012, mot 34 i 2002. Gjennomsnittleg tal verpehøns per bruk auka frå 1 000 til 2 100 i same periode.

Tabeller: