17968_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/arkiv
17968
Færre bruk - større buskapar
statistikk
2009-04-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald1. januar 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre bruk - større buskapar

32 500 husdyrbrukarar søkte om produksjonstilskott ved årsskiftet 2008/2009. Dette er 1 000 færre enn året før, og tilsvarar ein nedgang på 3 prosent.

Jordbruksbedrifter med husdyr. 1999-2009*

Talet på slaktekyllingar. 1998-2008*

Nedgangen i talet på husdyrbrukarar gjeld alle dei ulike dyreslaga med unnatak av fjørfe og ammekyr. Dette går fram av førebelse tal frå bøndene sine søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Ved siste årsskifte blei det registrert 249 100 mjølkekyr, noko som er 13 000 færre enn året før. Talet på ammekyr auka med 3 600 til 58 200. Samstundes med nedgangen i tala på buskapar, auka den gjennomsnittlege buskapsstorleiken. Eit gjennomsnittleg mjølkebruk hadde 20,3 mjølkekyr på båsen i 2009, mot 16,8 i 2005. Buskapsstorleiken for ammekyr var 11,8 i gjennomsnitt for 2009, mot 9,8 i 2005.

Talet på vinterfôra sau viste små endringar frå 2008 til 2009, og per 1. januar blei det registrert 1,03 millionar sau. Dei som dreiv med sau hadde i middel 70 vinterfôra sauer i fjøset i 2009. I 2005 var dette talet 64.

Auke for svin og fjørfe

På eitt år auka talet på alssvin med 3 100 - til 100 400 i 2009. Blant svineprodusentane har utviklinga i buskapsstorleik vore enda meir markert. Dei som hadde alspurker hadde i gjennomsnitt 61 purker i 2009, medan tilsvarande tal for 2005 var 44. Talet på svin slakta i året auka med om lag 60 000 frå 2007 til 2008 - til 1,5 millionar.

Frå 2007 til 2008 auka talet på verpehøner med vel 6 prosent til 3,8 millionar. I 2009 hadde eit gjennomsnittleg bruk med verpehøner 2 000 høner. Fire år tidlegare var dette talet 1 355. Det blei slakta 18 prosent fleire kyllingar i 2008 enn i 2007. Frå 1998 til 2008 har produksjonen av slaktekylling blitt meir enn dobla - frå ein produksjon på 23,4 millionar i 1998 til 59,6 millionar i 2008.

Tabeller: