17974_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/arkiv
17974
Færre husdyrbrukarar
statistikk
2006-05-09T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald1. januar 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre husdyrbrukarar

Talet på jordbruksbedrifter med husdyr gjekk ned med 4,5 prosent frå 2005 til 2006. Nedgangen gjeld alle dei ulike dyreslaga med unnatak av ammeku.

Ved årsskiftet var det til saman 36 380 jordbruksbedrifter med husdyr i Noreg, 1 733 færre enn året før.

Jordbruksbedrifter med husdyr. 1992-2006

Størst prosentvis nedgang har det vore i talet på bruk med verpehøner, 11 prosent, medan talet på bruk med svin gjekk ned med 10 prosent. Nedgangen i talet på bruk med storfe og bruk med sau var om lag 5 prosent. Blant bruka med storfe kom nedgangen blant mjølkeprodusentane, medan det var ein auke i bruk med ammekyr. Dette viser førebelse tal frå søknader om produksjonstilskott per 1. januar 2006.

Auke i talet på svin, slaktekylling og ammekyr

Det blei slakta 5 prosent fleire kyllingar i 2005 enn året før, og talet på slakta kyllingar nådde opp i knapt 42 millionar i 2005. Talet på alssvin auka med 2 700 til 101 700 per 1. januar 2006, ein auke på 2,7 prosent. Talet på ammekyr auka med 4 000 til 54 100 i 2006, 8 prosent fleire enn året før.

Talet på mjølkekyr gjekk ned med 6 200 til 266 100 i 2006, medan talet på mjølkegeit blei redusert med 2 100 til 44 000. Talet på verpehøner var 3,3 millionar i 2006, ein nedgang på 164 000 eller 4,7 prosent frå året før.

Gjennomsnittleg buskapsstorleik, alspurker. 2002-2006

Gjennomsnittleg buskapsstorleik, mjølkekyr. 2002-2006

Større buskapar

Samstundes med nedgangen i talet på buskapar, aukar den gjennomsnittlege buskapsstorleiken. Eit bruk med mjølkekyr hadde i gjennomsnitt 12,8 mjølkekyr i 1995, medan gjennomsnittet for 2006 låg på 17,6. Sidan 1995 har talet på mjølkekyr blitt redusert med 18 prosent, medan det var 40 prosent færre bruk som dreiv mjølkeproduksjon i 2006 enn i 1995.

Dei som driv med sau hadde 65 vinterfôra sau på båsen i 2006, mot 46 i 1995. Det var om lag 34 000 færre vinterfôra sau i 2006 enn i 1995, medan talet på buskapar med sau gjekk ned med ein tredjedel i same perioden.

I 1995 hadde eit gjennomsnittleg bruk med alspurker 20 alssvin, medan tilsvarande tal for 2006 var 51. Talet på alspurker auka med 10 400 i perioden, medan talet på bruk med alspurker blei meir enn halvert.

Tabeller: