17976_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/arkiv
17976
Færre husdyrbrukarar
statistikk
2005-06-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald1. januar 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre husdyrbrukarar

Ved årsskiftet 2004/2005 var det 38 400 husdyrbrukarar som søkte om produksjonstilskott. Dette er 1 300 færre enn året før, og tilsvarar ein nedgang på 3 prosent.

Driftseiningar med husdyr. 1992-2005*

Nedgangen i talet på husdyrbrukarar frå 2004 til 2005 gjeld alle dei ulike dyreslaga. Størst prosentvis nedgang - 6 prosent - har det vore i talet på jordbruksbedrifter med verpehøner, medan talet på bruk med sau har gått ned med knapt 5 prosent.

Talet på storfe i alt auka med 1 600 frå 2004 til 2005. Talet på mjølkekyr gjekk ned med knapt 5 000 til 275 200, medan talet på ammekyr auka med 1 900 til 50 300.

Det vart registrert 99 200 alssvin i 2005, om lag det same som året før. Talet på slaktesvin auka frå 1,32 millionar i 2004 til 1,44 millionar i 2005. Dette har i periodar ført til overskott av svinekjøt.

Talet på vinterfôra sau gjekk ned med knapt 21 000 til 1,09 millionar i 2005. Dei siste fem åra har talet på sau lege mellom 1,09 og 1,12 millionar.

Større buskapar

I perioden 2000-2005 har talet på jordbruksbedrifter med mjølkeku gått ned med 4 000, frå 20 500 til 16 500, det vil seie at kvar femte mjølkeprodusent har avvikla i denne perioden. Samstundes har talet på mjølkekyr gått ned frå 298 700 til 275 200. Ein gjennomsnittleg mjølkeprodusent hadde 14,6 mjølkekyr på båsen i 2000, mot 16,7 i 2005.

Gjennomsnittleg buskapsstorleik, mjølkekyr. 2000-2005*

Gjennomsnittleg buskapsstorleik, alspurker. 2000-2005*

Det var 2 200 jordbruksbedrifter med alssvin i 2005, mot 2 800 i 2000. Gjennomsnittleg tal alspurker per eining har derimot auka sterkt, frå 32 i 2000 til 44 i 2005.

I 2000 var det 21 500 1 jordbruksbedrifter med sau, medan tilsvarande tal for 2005 var 17 100, altså 4 400 1 færre enn fem år tidlegare. Også her har kvar femte eining med sau blitt lagt ned, og samstundes har den gjennomsnittlege buskapsstorleiken auka frå 52 til 64 vinterfôra sauer.

I 2005 var det knapt 2 600 jordbruksbedrifter med verpehøner, 1 000 færre enn fem år tidlegare. 28 prosent av einingane med verpehøner blei lagde ned frå 2000 til 2005, medan buskapsstorleiken auka frå 900 til 1 300.

Talet på jordbruksbedrifter med slaktekylling gjekk ned med 6 prosent frå 2000 til 2005. Samstundes auka talet på slaktekylling med 6,7 millionar til 39,8 millionar, og talet på slaktekylling per eining auka frå 62 000 til knapt 80 000.

1  Tal endra 01.06.2005.

Tabeller: